Når eg handler julegåver takker eg alltid nei til å få det innpakka i butikken.
Det er jo så kjekt å pakke dei inn sjølv! Det er ofte mens eg pakker inn nynnande
til julemusikk at julestemninga
virkeleg kjem sigande på :)
Iår har eg vore veldig inspirert av Sweet Paul sine muffinsform- rosetter.
Desse var visstnok veldig poppis ifjor. Litt treig av meg med andre ord ;)
Til høgre her har eg prøvd meg på ein rosett av stoffrester.
I midten er pakken pynta med ein hekleblomst.
Også har eg prøvd meg på eit juletre
av papirremser :)
Her har eg prøvd meg på vifte- rosetten som eg har fått med meg er "hot" i år.
Juletreet og hjertet er laga av papirleire.
Ellers har dymoen vore i bruk :)
Liker duå pakke inn julegåver?
Eg håper du har ein fin søndag!
Klem frå Bjørg :-)