Iår føler eg at Førjulstida er berre kos, og ikkje stress (hvertfall ikkje relatert til jul ;)
Det har nok med å gjere at eg for første gong har realisert den planen eg alltid har
(men aldri har klart å fullføre); å vere ferdig med julegåver og grundig vask
før 1.desember! Så denne månaden er det berre kakebaking,
småpynting og anna kos vi har foran oss :)
Denne veka har vi blant anna baka pepperkaker og cookies.
Med julemusikk og fint besøk er dette kjempekosleg og lager julstemning.
I år har eg litt av baksten framme i Norgesglasøverst i kjøkenhylla mi.
Som de ser er 3 sorter i boks. Det blir nok nokre fleire.
Men at det blir 7 sorter er ikkje
så viktig for meg.
Kjøkenhylla har fått litt meir "julete" innhold.
Pastelltinga mine står i skapet og venter på at saknet mitt blir altfor stort ;)
Korleis er det med deg?
Er du i "rute" til jul? :)
Ha ein flott fredag!
Klem frå Bjørg :-)