Eg har vore å snopa meg nye målingsfarger. Eg fekk spørsmål om kva eg skulle bruke dei til. Svaret var; nei, det veit eg ikkje endå. Det er kjekt å ha når ein får eit anfall av
lyst til fornyelse ;) Heimen vår blir stadig meir fargerik, og vi liker det!
Eg har tru på at fargar påvirker til godt humør.
Ein blir rett og slett glad av det!
Den eine målingsfargen har eg testa ut på denne krakken.
Fargen er fantastisk mintgrøn og har koden: S0530-B90G. Den andre fargen
eg kjøpte er klar blå. Den skal testast ut ikveld,
viss energien tillet det;)
Koppen fann eg i helga på Ørsta Gjenbruk.
Eg digger harlekinmønsteret i den finaste fargen ;)
Viss nokon lurer så er skjenken måla i turkis med fargekode S0530-B50G.
Og skoddene er måla i fargen Hammershöi :)
Ha ein super kveld!
Klem frå Bjørg :-)