..det over ei veke sidan forrige blogg-innlegg.
Dagane har gått fort. Sjølv om det har skjedd lite her på bloggen,
så har det skjedd mykje i det "virkelege" liv :)
Eg har vore på "husmor"-ferie hos ei veninne i Bergen.
Der fekk eg endeleg shoppa med gåvekortet (som eg vann i Nib si april-utfordring)
på Home & Cottage. Det var veldig moro!!
Kva eg kjøpte skal de få sjå seinare ;)
Vi har også vore ein tur til Hakallegarden,
som ligg i nærheten av Fiskå på Sunnmøre. Eg viser litt bilder derifrå idag.
Dette er ein fantastisk plass både for små og store.
Garden har ei fantastisk ramme med flott natur, og du ser ut i havet.
Her fann vi alpakka, esel, hester, høner, kattunger, kalkuner, geiter og mange andre.
Dei fleste dyra gjekk fritt rundt oss, slik at ungane fekk kose og klappe på dei.
Og for interiør- nerder som meg var det masse inspirasjonå hente.
Utruleg flott tillaga. Gamle og fine møbler måla i sukkersøte farger.
Og ein kafe kombinert med interiørbutikk.
Fantastisk! :)
I fjøset var veggane i mint og rosa!
Køyre tur med Gråtass var stor stas!
Om du befinner deg i nærheten, anbefaler eg varmt eit besøk.
Du kan lese meir her!
Dette innlegget er på ingen måte sponsa,
eg vart rett og slett litt betatt av plassen og ville fortelle om den :)
Ha ein flott torsdag!
Klem frå Bjørg :-)