Nib- jentene si utfordring for juli er; Sommer på Jorda.
I den anledning tar eg ei reprise på bildene eg har vist før av terassen vår.
Terassen vår har endeleg begynt å ta form, slik at den både kan brukast og er passe fin
å sjå på. Det gjenstår (fortsatt) mykje målearbeid, litt snekring og ein del
stæsjing/planting osv. Men vi kan jo ikkje bli arbeidsledige!
Det hadde vore kjedeleg det ;)
I sofakroken (utemøbler frå Bohus) har vi satsa på litt gresk stemning.
Hellas er favoritt ferieplassen til meg og mannen. Så det er fint med litt
feriefølelse på eigen uteplass. Blå skodder synast vi er typisk gresk.
Og seglbåten i vindauget er kjøpt på
den greske øya Naxos.
Sommarleg pådekning med kake og friske bær.
Peoner og markblomster :)
Dette er frå den andre delen av terrassen.
Her har vi leikehytta til jentene og ei lita drikke-kaffi-avdeling for oss vaksne.
Utsikten vår kjem eg aldri til å bli lei av!
Leikehytta har broren min bygd av gjenbruksmaterialer. Det er snill onkel det!
Eg har måla hytta i sommarleg turkis med kvite detaljer.
Så er det berre å krysse fingrane for at juli blir fyllt av sol og varme,
slik at terassen virkeleg kan nytast!
Sjå dei andre herlege bidraga i utfordringa her!
Klem frå Bjørg :-)