Månadens utfordring frå Nib er "Vakker fornyelse med Lady maling".
For meg er det å finne fram målekosten og magisk trylle fram "nytt" interiør rein terapi.
Eg går ofte på målebutikken og "snoper" nye fargar. Noko som har
resultert i eit godt utvalg glade fargar som blir tatt fram når
målelysta blir for stor! Og det skjer ofte!
Bordet og stolane på bildet har alle fått fornyelse med måling.
Eg bruker gjerne forskjellige fargar på stolane for å få ein
uhøgtidleg og morosam effekt. Og nokre gonger er det nok å berre måle
litt av stolbeina for at møbelet blir slik eg vil!
Vil du ha meir måleinspirasjon kan du klikke deg inn her!
Ha ein fin kveld!
Klem frå Bjørg :-)