Som de kanskje har skjønt så har eg
hatt to hektiske og ikkje minst morosame veker!
Det heile begynte med at eg kom til finalen i Nib si utfordring.
Og fantastisk nok så vann eg denne!! I tillegg fekk eg epost frå Ann Helen
og Solveig (Nib- jentene) Dei skulle på "Road Trip" i Stryn,
og lurte på om eg ville ha besøk!
Eg skifta mellom gledeshyl og prestasjonsangst.
Men svara jo sjølvsagt ja, og starta på alle dei prosjekta som
eg hadde tenkt på lenge. Stova var heilt kaotisk! Då ringte ein journalist frå
avisa Firda og lurte på om han kunne kome på besøk. Og det dagen etter.
Eg sa ja, men advarte om kaoset. Vi løyste det med at han tok
bilder der det var "bloggbart" og supplerte med nokre
av mine bilder. Artikkelen vart veldig fin!
Du kan lese eit utdrag og
sjå bilder her.
Vitrinekapet (eit av prosjekta) vart etterkvart ferdigmåla,
og alt vart satt på plass. Pluss at mange andre prosjekt vart ferdigstillt.
Så var det vasking og rydding på programmet. Lucky me! Blæ ;)
Heldigvis reiste Ariel på ein miniferie til Besteforeldrene.
Slik at det var muleg å få rydda, utan at nokon
gjekk etter å rota igjen ;)
Tysdagen kom, og Solveig(frå Nib) kom på besøk.
Det føltes som å ha ein kjendis i hus, men ein veldig kosleg ein :)
Eg skjøna plutseleg ikkje kvifor eg var så nervøs i forkant.
Det vart prata og fotografert. Tusen takk for
besøket, kom gjerne igjen! :)
I går kom spalta mi i Fylkesmagasinet.
Den var heldigvis ferdigskrive før alt det her skjedde.
Denne gongen handler den om å vere kreativ med tapet.
Du kan lese den her!
I dag er huset rotete igjen (heilt normalt),
skuldrane er senka.
Det er helg!
Ha ei fin ei alle saman!
Klem frå Bjørg :-)