Eg har hatt eit stort sølvfarga fat ståande på boda.
Det har liksom aldri fått oppholdstillatelse lenge igongen.
Eg har ikkje fått det til å passe inn skikkeleg. Så no har eg rett
og slett måla det turkis. Eg meiner at har ting stått
lenge nok i ei bod, så kan det godt fiksast
litt på istaden for at det
blir kasta.
Først vaska eg det godt med salmiakk.
Deretter måla eg det med eit strøk måling, også pussa eg lett over det
for å få fram mønsteret og for å få ein røffare finnish. Så får det vare så
lenge det gjer. Det er fort gjort å måle
det ein gong til ;)
Det vart iallefall eit fint fargeinnslag på spisebordet.
Eg synast oransje mot turkis er så
nydeleg og friskt :)
Eg kan love deg at spisestova ikkje ser så ryddig ut i skrivande stund.
For her har eg nemleg hive meg på eit stort prosjekt. Akkurat som
om eg ikkje har nok å ta meg til frå før..
Men fint blir det ;)
Ha ein strålande kveld!
Klem frå Bjørg :-)