For litt sidan kjøpte eg to gamle skulestoler på ein Bruktbutikk.
Dei vart ståande i boda, men no har eg tatt den eine inn i stova. Eg funderte
på å gjere noko med den. Men har bestemt meg for at den er kul
akkurat slik den er. Mannen er ueinig,
men det går seg nok til ;)
Ei stråveske fungerer som potteskjuler.
Denne er også eit bruktfunn, gjort for lenge sidan.
Datakroken vår har eg visst aldri vist her på bloggen.
Den står inntil senga vi har ståande i spisestova. Så dette er blitt ein populær
filmkrok også ;) Det svarte bordet vårt, ein stol måla i fargen korall.
Hyller frå Biltema som er måla grøne. Og hermetikkbokser
med fin-fin tapet. Enkelt og greit :)
Ha ein flott laurdag!
Klem frå Bjørg :-)