Dei siste vekene har vi pussa opp rommet til Hermine.
Eg tenkte å vise før-bilder(igjen) og nokre etter- bilder
så langt som vi er komt :)
Før;
Etter;
Mannen har fora og lista vindauget. Og vi har måla vegger, tak og golv kvite.
Ein vegg har fått tapeten Cherry Blossom frå Ejffinger.
Før;
Etter;
Kottet er opna opp og det er laga ein sittebenk som skal fyllast opp med puter.
Denne skal fungere som ein kose/leseplass. Listene her skal bli kvite snart!:)
Oppe i taket har mannen laga stjernehimmel som eg skal vise seinare.
Under sittebenken er der ei skuff med hjul som har fått tapet på seg.
Denne blir fin til oppbevaring :)
På motsatt side er
den fin-fine lampa komt opp :)
Stolen var trekvit,
den har eg måla grøn og laga slitte kanter :)
Som de ser er det stort sett berre møblering og stæsjing igjen.
Sjølve moroa med andre ord ;) Men golvmålinga skal få herde til onsdag før vi belaster golvet. Eg gleder meg veldig til å begynne. Planen er klar i hovudet mitt.
Det blir spennandeå sjå om den fungerer :)
To be continued!
Klem frå Bjørg :-)