Eg brukte første halva av morsdagen til å kose meg ilag med familien.
Så reiste mannen og jentene på vinterferie, og eg var snar å finne fram målekosten.
Eg har lengta etter ein date med den, heilt for meg sjølv! Det er heilt utruleg
kor kjapt ting går når ein får fred på seg ;)
Eg gjekk sjølvsagt tom for måling, så vi har fortsatt ein vegg som er kvit.
Men eg er storfornøgd så langt!
Det vart mykje lunare i spisestova vår, synast eg.
Hurra for meir farger ;)
Fargen heiter prekestolen og er frå Fargerike.
Den er ein tanke blågrøn. Perfekt for meg som elsker både grønt og blått.
Til og med mannen er fornøgd. Så då er det berre å klappe seg sjølv på skuldra ;)
Ha ein herleg kveld!
Klem frå Bjørg :-)