Er det ikkje typisk? Omtrent samtidig som jula ringast inn får vi uønska gjester i hus: forkjølelse og feber! Vi har hatt det kvar sin gong, og no er vi ferdig. Bank i bordet!
Men vi har kosa oss så godt vi kan med god mat og det som høyrer med.
Berre det å vere ilag over lang tid er fint! :)
I år stod jentene for pyntinga av juletreet på lillejulafta. Pynten vart skeivt fordelt, men veldig sjarmerande! Sjølv om eg må innrømme at eg klør litt etter å fikse på det,
så skal eg ikkje øydelegge gleda for jentene ;)
Vi er heldige som hadde mange fine gaver under treet,
og flotte folk å feire saman med!
Har du hatt ei fin julefeiring?
Klem frå Bjørg :-)