I går feira vi Hermine sin 3 årsdag,
litt på forskudd sidan vi ikkje er heime på dagen hennar.
Vi dekte langbord og inviterte familie og venner.
Det vart ein fin fest og Hermine var
spesielt fornøgd ;)
Kaka vart ein reprise av Ariel si bursdagskake.
Sidan det var det Hermine ville ha. Veldig greit for meg sidan det er
den enkle varianten ;)
Vi pynta med heimelaga vimpler
som er laga av snor, gåvepapir og stiftemaskin ;)
Dagens "nesten" sunne
variant var fruktspyd med marshmallows :)
Ha ei fin kveld!
Klem frå Bjørg :-)