Heilt sidan eg starta å blogge for over 5 år sidan har lidenskapen min
for interiør, styling og fotografering blitt berre større og større. Ein liten draum om
å kunne jobbe innen dette feltet kilte i magen lenge.
Når ein bur på bygda slik eg gjer, så er ikkje utvalet av jobber det største.
Eg hadde ein interessant jobb med gode kolleger, men det var
dessverre ikkje draumejobben.
Men plutseleg ein dag vart eg kontakta av Japan Photo,
som har markedsavdeling si 20 min frå der eg bur. Dei ville gje meg ansvaret for
nettbutikken sin bilderammer.no. Eg fekk plutseleg sjansen til å
jobbe med hobbyen min.
Eg har arbeidd hos bilderammer.no sidan hausten ifjor.
I dette innlegget viser eg nokre av miljøbildene eg har tatt undervegs
av dei flotte kvalitetsrammene våre.
Vil du følge meg på jobb
så er du hjarteleg velkomen til
Nettbutikken, Bloggen, Facebook og Instagram(@bilderammer)
Her får du gode tilbud, masse fin inspirasjon og spennande konkurranser.
Akkurat no vil eg gjerne
sjå bildeveggen din på instagram. Tag bildet ditt med
#bilderammerdotno og skriv at du er med)
Du kan vinne gåvekort på kr 1000,-
Ha ein herleg dag!
Klem frå Bjørg :-)