...eg fekk i hus til jul og pynta med granbar og julestjerne, har no fått kvardagspynt.
Det har også bytta plass til skjenken Besten laga til
meg for mange år sidan.
Det gamle trauet er så flott, med nydeleg og slitt treverk.
Eg har det berre på lån av Mamma, og eg kjenner eg kvir meg
litt til eg må gje det frå meg ;)
Dette innlegget om korleis eg hekler luene mine har blitt populært i Tyskland.
Eg har hatt rekordmange treff på innlegget, og eg har registrert fleire tyske bloggera som har hatt innlegg om eiga lue som er hekla etter mi oppskrift. Blant annaher og her:)
Også eg som var litt i stuss om nokon ville interressere seg for oppskrifta.
Utruleg moro, synast eg :)
Ha ein super søndag!
Klem frå Bjørg :-)