Det nærmer seg jul!
Heimen har fått meir julepynt,
nokre kakesortar er baka og julevasken er ikkje starta på.
Alt er som vanleg med andre ord!
Når det gjeld julepynting liker eg godt
både den tradisjonelle stilen og den meir moderne.
Difor vart det ei blanding av begge stilane i heimen vår denne jula.
Ja takk, begge deler ;)
Raudt, smårutete og soppar fungerer saman
med greiner med utradisjonell pynt og prikkete adventsstjerne i mint.
I alle fall etter mi meining ;)
Desse opphenga har eg laga sjølv
av målte trekuler frå Panduro og hyssing. Stjernene
har eg kjøpt ferdig bretta.
Korleis julepynter du?
Klem frå Bjørg :-)