Eg har hekla ein del av desse luene i det siste.
Desse vart også fjorårets heimelaga julegåve. Luene er inspirert av ei Mamma
hadde hekla, og oppskrifta på mine vart til etterkvart som eg prøvde
meg fram. I dag tenkte eg at eg ville dele oppskrifta mi med dokke.
Kanskje nokon der ute har lyst å hekle seg ei
enkel og fin lue på berre ein kveld? ;)
(i tillegg får eg lagra oppskrifta
for min egen del ;)
Du treng:
- 2 nøster ullgarn i forskjellig farge til krok nr 3-4
- 1 nøste tynn fluffy tråd (eg har brukt Angel, som er 70% Kid Mohair og 30% silke)
- Heklekrok nr 8
- Litt hekleferdigheter eller Youtube (der finn du enkle framgongsmåter)
Slik gjer du:
Samle alle tre trådane.
Og legg opp 50 luftmasker.
Ta dei saman med ei kjedemaske.
Start første omgangen med 1 luftmaske, og deretter 1 omgang med fastmasker.
Du avslutter omgangen med 1 kjedemaske og starter med 1 luftmaske.
Du fortsetter med å hekle fastmasker i bakre ledd. Dette for å få "kanten".
Hekle 5 slike omganger. Då er du ferdig med den nederste delen.
Hekle 3 luftmasker, deretter fortsetter du med doble staver i kvar maske.
Du avslutter omgangen med kjedemaske, og starter ny omgang med 3 luftmasker.
Neste omgang hekler du 5 doble staver og hopper over 1 maske.
Deretter hekler du 4 doble staver og hopper over 1 maske.
Hekle 3 doble staver og hopp over 1 maske.
Hekle 2 staver og hopp over 1 maske.
Hekle 1 stav og hopp over 1 maske.
Så snører du toppen saman.
Fest trådane med ei stor nål.
Om du ønsker det, kan
du hekle ein blomst
å pynte med.

Fekk du lyst å prøve?
Ha ein fin kveld!
Klem frå Bjørg :-)