Då Ariel (vår eldste dotter) var 6 mnd laga vi avtrykk av hendene og føtene hennar i gips.
Og det er eg så glad for idag. Det er veldig kjekt å samanlikne med hennar idag 3 år gamle hender og føter, og minnast kor lita ho har vore. Sidan Hermine no er 6 mnd,
så har vi sjølvsagt laga av henne også :) Det er kosleg å forevige dei
søte små på denne måten.
Eg tenkte eg skulle dele framgongsmåten.
Kanskje nokre har lyst å prøve?
Du treng: Trolldeig -Gips - Kjevle -Ramme -Søte hender og føter :)
1.
Lag trolldeig (1 del salt, 2 deler mjøl, 1 del vatn og 1 ss matolje)
Kjevle deigen utover ei papp-plate e.l. Legg ramma opp på med fronten ned.
Ikkje press den ned (pass på at deigen er større enn ramma)
Det er best å bruke ei djup ramme. Mi er frå Ikea.
Press hender og føter ned i trolldeigen. Her er det greit å vere to om
jobben for å holde styr på sprellande og glade babyer ;)
2.
Tett kantane slik at gipsen ikkje vil renne ut,
ved å dytte trolldeigen oppetter ramma. La trolldeigen stivne i eitpar timer.
3.
Bland gips etter instrukser på pakken. Hell den i ramma og la det tørke
etter kva som står på gipspakken. Eg tørka det i over 2 døgn.
Ta av trolldeigen, og bildet er ferdig :)
For meg gjenstår det å finne den perfekte
plassen å henge dei opp :)
Ha ein fin kveld!
Klem frå Bjørg :-)