Viss du tar eit bildesøk på google etter tre på barnerom,
så ser du raskt at dette ikkje er min ide ;)
Men eg har lenge hatt lyst å prøve.
Og her ser du min versjon;
Vi ommøblerte litt på Ariel sitt rom og fekk litt ekstra veggplass.
Dermed var vi igong. Eg teikna treet først med blyant,
deretter fyllte eg inn med kvit måling.
Blada klipte eg ut av tapet-rester
og limte dei fast med tapetlim.
Fuglehuset hadde vi frå før.
Det er også fiksa på med tapet og måling.
Eg synast det vart dekorativt.
Og det beste av alt er at vi brukte kun ting vi hadde frå før.
Ein billeg og ganske rask gjer-det-sjølv. Me like. Og det viktigaste;
eigaren av rommet er superfornøgd også ;)
Ha ein herleg kveld!
Klem frå Bjørg :-)