For nokre månader sidan
fekk eg ein epost frå ei dame som sa ho jobba i eit magasin.
Ho lurte på om eg ville ha på trykk nokre bilder frå kjøkenet vårt.
Dama hadde funne bilder av det på Pinterest og likte det veldig godt skreiv ho.
Eg trudde først at dette var tull. Men eg googla namnet hennar og magasinet Romantic Homes og fann ut at dette var "for real". Veldig smigrande og utruleg rart :)
Eg sendte over nokre bilder. Ein dag dukka det opp
ein pakke frå Dallas i USA i posten.
I pakken fann eg september utgåva av Romantic Homes.
Bildene frå kjøkenet vårt spredte seg over ikkje mindre enn 8 sider!
Og der satt eg med hakeslepp og måpande blikk!
Eg hadde venta meg eit lite bilde liksom,
sjølv om eg riktignok
sendte mange ;)
Og når eg først er igong med å "skryte";)
De kan lese og sjå bilder frå huset vårt i Ikealivemagazine.no
sin utgåve for desember. Du kan trykke herfor å sjå ;)
Surrealistisk? Jepp!
Ha ein fin kveld!
Klem frå Bjørg :-)