Godt Nyttår!
Eg er vel heime etter eit kosleg besøk hos svigers, der vi har feira Nyttår.
No kjenner eg at eg er veldig klar for eit kreativt 2013 :)
Planane er mange, så eg håper du vil
fortsette å følge meg :)
Men først tar vi eit tilbakeblikk på 2012!
Januar:
Eg kom tilbake etter ei laaaang bloggepause, og fortalte at vi venta ein liten baby i juni.
Å lære meg å strikke og hekle var nyttårsforsettet mitt, og eg begynte så smått
med eit putetrekk og nokre"vase og lykt-trekk".
Svart var ein farge som det begynte
å bli meir og meir av i
huset vårt :)
Februar:
Kvalmen pga av graviditeten begynte å gje slepp.
Og det var endeleg overskudd til litt kreativitet. Eit speil fekk seg ein makeover med servietter og decoupage. Eg laga ein barneuro av ein ribba lampeskjerm.
Eg laga nøkleoppheng av nokre små rammer.
Og ein liten kommode gjekk
frå å vere lilla til å
bli svart :)
Mars:
Eg laga ei tavle av sponplate, tavlemåling og magnetmåling og hengte den på kjøkenet.
Eg sydde ei pute til Ariel sitt rom med eit hus på. Denne har eg funne igjen
på mange utenlandske nettsider, moro at den fallt i smak ;) Ein bildevegg
med sider frå botaniske bøker kom opp i gangen oppe.
Og eg gjorde mange gode loppefunn. Blant anna
fine flasker og ein vinballong :)
April:
Eg gjekk bananas og bestilte meg gamle fargeglade retrostoff her og der.
Dei endte etterkvart som puter i sofaen. Eg vart ferdig med eit lappeteppe til babyen i magen (som eg har brukt masse) Teppet er laga av fleire lapper som er strikka og hekla saman.
Eg hekla også nokre vaskekluter. Og endeleg fekk dukkehuset til Ariel
seg ein makeover, til Ariel si store begeistring :)
Mai:
Den kule retrovogna vi hadde på loftet, fekk seg ein god vask og nysydd vognteppe. Den stod i gangen klar for babyen som snart skulle kome. Eg hadde eit nytt "raid" hos Pappa,
og vi fekk i hus den kulaste industrilampa. Ut med lysekrona og inn med ein litt røffare
stil :) Vi fekk i hus ein ny skjenk som eg måla turkis. Eg digger den fremdeles :)
Bildet mitt kom på 2.plass i NIB si utfordring for mai -Nytt møter gammelt.
Og det var jubel i heimen! Premien eg fekk var ei nydeleg pute og sokker,
strikka i tradisjonell stil. Eg var også månadens 'Hjemme Hos' på Kulør
si nettside. Eg feira 200 000 besøk og 700 følgerar
med ein Give Away.
Juni:
Hermine kom til verda 21.juni.
Den herlegaste babyen, som tok all mi tid denne månaden :)
Oppsummering av juli- desember kjem i neste innlegg.
Ha ein fin kveld!
Klem frå Bjørg :-)