Eg fekk denne stolen til bursdagen min i august av foreldra mine.
Dei fann den bakerst i ein krok på eit garasjesalg dei fann langs vegen på ein helgetur.
Foreldra mine tenkte på meg og kjøpte den. Heldige meg!
Eg digger formene og alle dei ekte slitte flekkane.
Han som selgde den meinte den burde målast.
Noko eg er veldig uenig i!
Men noko å site på måtte den ha. Og det har vi endeleg fått på plass. Ting tar tid ;)
Mannen saga ut ei plate og skar til skumgummi. Eg stifta på eit
skikkeleg glad-stoff som eg har kjøpt på Etsy.
Så vart den fiks ferdig til å delta
i det fargerike felleskapet rundt spisebordet ;)
Eg er så fornøgd med denne spiseplassen etter at vi bytta ut stolane.
Vi sit her mykje oftare enn før. Og det var målet :)
Det vart plutseleg stille i over ei veke her hos meg.
Eg er hardt ramma av den berømte og omsnakka tidsklemma.
Men eg vil ikkje gje opp blogginga. Det føles som ein
liten fristad som eg ikkje vil miste ;)
Ha ein herleg kveld!
Klem frå Bjørg :-)