Når vi sette i verandadøra,
så tok vi vekk ein del av ytterveggen som bestod av tjukke treplanker.
Perfekt til å lage trehus av, tenkte eg med ein gong.
Sånn er det når ein har dilla på gjenbruk ;)
Sidan eg har litt verktøyskrekk, fekk eg mannen til å sage ut husa.
Han var i tillegg så snill at han pussa dei for meg.
Så var det for meg å ta fram målespanna
og måle dei i fine farger :)
For meg var vel ikkje dette ein gjer-det-sjølv (DIY)
Det var heller ein mase-på-mannen-og måle-resultatet.
Men er du litt handy og takler ei sag, er dette eit enkelt prosjekt for deg ;)
Eg synast dei vart litt søte.
Kva synast du?
Ha ei herleg helg!
Klem frå Bjørg :-)