Quantcast
Channel: Huset ved fjorden
Viewing all articles
Browse latest Browse all 378

NIB- utfordring August- Er du en Stuepike?

$
0
0
Eg liker haust i stova kjempegodt
Det er så kosleg å kunne tulle seg inn i eit pledd, tenne stearinlys og berre kose seg. 
Gjerne med handarbeid eller lesestoff lett tilgjengeleg. Interiøret
 her i huset forandrer seg i takt med årstidene. 
Pastellane er her alltid, men tilbehøret
 blir meir lunt om hausten. 
Dei fargeglade putene og retrodynene i sofaen blir bytta ut med 
naturmaterialer i lin og ull. Til denne hausten har eg kjøpt eit nydeleg grått
 hekla teppe hos Kid. Og puta eg har laga av ullstrikkejakka som 
Besta brukte, blir tatt fram igjen.

På siste skattejakt hos Pappa fann eg denne flotte og gamle trekassa med stempel på.
Denne skal få hjul på så snart som eg får tak i. Den er perfekt som oppbevaring
 til mine (altfor) mange interiørblad! Eg liker varmen det slitte treverket 
tilfører i heimen vår. Det blir nok fleire slike
 innslag iløpet av hausten:)
Eg kjenner eg gleder meg til hausten verkeleg kjem. 
Det er mørkt ute, vi fyrer i peisen og krøller oss saman under eit teppe i sofaen!
Eg gleder meg til den friske og klare haustlufta ute. 
Til å gå tur, plukke epler og lage eplekake.
 Og det nærmer seg haust og kvardag her i huset. 
Første tegnet på det er at imorgon er det barnehagestart
For begge jentene. Vår vesle Hermine sin første dagOg veka etter starter
 jobbkvardagen for meg igjen. Nye tiderSpennande!

Dette er mitt bidrag til NIB si utfordring; Er du en Stuepike? 
For meir haustinspirasjon kan du trykkeher!

Ha ein fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

Viewing all articles
Browse latest Browse all 378